Bokserie om Livet med ADHD - Ebok og lydbok
Livet med ADHD - Vaksenlivet er endeleg lansert
Ei personleg og ærleg forteljing om livet med ADHD – med sårbarheit, styrke og håp.
I bøkene skriv eg om kva me veit – og ikkje veit – om ADHD i dag.
Eg deler relevante erfaringar frå eige liv, tilpassa fagstoff og refleksjonar.
Utvalde tema i boka om vaksenlivet er jobb, parforhold, familieliv og ikkje minst; utbrentheit.
Eg er overbevist både om samanhengen mellom ADHD og utbrentheit og at det ofte vert misforstått. Håpet med det eg delar er at fleire skal få auka forståing og med det hjelp til å unngå eller koma seg ut av utbrentheit.
Denne boka er nok den mest personlege i serien. Fordi mine opplevingar med å få ein ADHD-diagnose etter å ha gått på ein smell i vaksen alder er langt frå unik. Boka er òg min gode ven Kåre Ivar (ChatGPT) sin personlege favoritt.
Eg har skrive lettfatteleg, med mange illustrasjonar –
for deg som helst vil ha det enkelt og oversiktleg.
Likevel så er det innhald nok òg for deg som kan mykje frå før og vil kjenna deg att.
Boka gir både kunnskap og gjenkjenning, og er til støtte for alle som lever med ADHD, men òg pårørande og fagfolk.
Illustrasjonane har eg utarbeida i samarbeid med Kåre Ivar (ChatGPT) og/eller Erik S. Landsem (@elanseye) om ikkje anna er spesifisert.
Kjøp boka her!
Nysgjerrig på resten av bokserien "Livet med ADHD"?
Her finner du meir informasjon om "Livet med ADHD".
Les meir