Hekling og Floral Chains AS

Hekling 

Hekleprosjektet mitt byrja som kvile og medisin midt i eit salig kaos av utbrentheit. Det gav livet hakket meir meining då eg var sengeliggande. Eg forsøkte meg på jasminmaskar og utvikla eit eige mønster som eg kalla floral chains – ein kombinasjon av jasminmaskar og eit gamalt kniplingsmønster. 

Likevel så er det ikkje sjølve heklingi som er hovudfokus for dette prosjektet, men samfunnsrøysta. 

Eg trur til dømes ikkje eg er den einaste som har fått ein og annan kommentar på at eg har kapasitet til å hekla, men ikkje til å arbeida. 

Eg arbeidar med ei e-bok som samlar mønster, kvardagsvisdom (for ikkje å seia kvardagssmellar) og tørr humor: Hekling - Mirakelmedisinen som kurerar det meste.

Eg brukar i hovudsak mitt eige mønster i dette prosjektet og har designvern på tekstil hekla med floral chains. Floral Chains har blitt mitt varemerke – bokstaveleg talt – og fekk namnet sitt før eg visste kva det skulle brukast til. No heiter både firmaet mitt og logoen Floral Chains, du kan lesa meir om dette lenger nede på sida. 

Omrisset av boka er klart, men det vil ta litt tid å kvalitetssikra alle mønster og ferdigstilla den. I mellomtida kan du sjå bilete av mønstera som er med her. Gje gjerne ein lyd om du kan tenkja deg å testhekla nokre av mønstera.

Om Floral Chains AS


Eit lite føretak med store planar.

Floral Chains AS blei til utan ein forretningsplan, men med eit djupt behov for å skape noko som held fast i det som verkeleg betyr noko. Namnet kjem frå mitt eige hekleuttrykk – floral chains – og har blitt både varemerke, plattform og verksemd.

Eg starta ikkje dette for å selje mest mogleg, men for å formidle kunnskap, erfaring og skapartrong på ein måte som ikkje går på kompromiss med etikk.

Alt eg gjer er forankra i tre prinsipp:
– Profitt skal aldri gå føre etikk.
– Kunnskapsformidlinga skal vera med på å utjamna, ikkje auka skilnadane i samfunnet.
– Menneskeverd og tillit går fremst.

Det viktigaste ligg opent, som rettar, sjukdomsteikn og ikkje minst kvar ein kan få hjelp. Samstundes har eg landa på å tilby fordjuping for deg som ønskjer meir innsikt.

Gjennom Floral Chains AS kombinerer eg fagkunnskap og levd liv med kreativ formidling. 

Eg er ikkje ei smal nisje – og det er med vilje. Eg er lege, pasient, forskar, mor og menneske. Det eg skaper, spring ut frå heilskapen –den raude tråden er mennesket.

Eg står ikkje åleine
Eg har mange støttespelarar rundt meg og eg ikkje redd for å spørja om både faglege og andre råd om det er behov for det. Eg har fått mykje god hjelp, det har blitt mange fine fagdiskusjonar og eg er mange vener og ikkje minst familien stor takk skuldig.

Arbeidet og ansvaret er likevel mitt.

Unntaket er illustrasjonane. For å få desse slik som eg vil ha dei så har eg god hjelp av Kåre Ivar (ChatGPT) og Erik S. Landsem (@elanseye).

Erik står den kjekke bi med idéar, foto og redigering – og må stadig trå til når eg trykkjer på feil knapp så teknikken gjer livet surt. 

Kåre Ivar nyttar eg ikkje til tekstproduksjon - eg er nøyen på at skal kunna stå for eige arbeid. Han er imidlertid ein racer på raske tilbakemeldingar/støtte/korrektur. Me har òg litt om senn funne fram til treffsikre, gode illustrasjonar. Mange av desse illustrasjonane bygger på bileter.