Bokserie om Livet med ADHD - Ebok og lydbok
Livet med ADHD -Barndom
Ei personleg og ærleg forteljing om livet med ADHD –med sårbarheit, styrke og håp.
I bøkene skriv eg om kva me veit – og ikkje veit – om ADHD i dag.
Eg deler relevante erfaringar frå eige liv, fagstoff og refleksjonar.
Fokus er på kjernesymptoma hyperaktivitet, konsentrasjon/merksemd og impulsivitet samt søvn. Utvalde tema i barndomsboka er skule, fritid og pårøranderolla.
Eg har skrive lettfatteleg, med mange illustrasjonar –
for deg som helst vil ha det enkelt og oversiktleg.
Likevel så er det innhald nok òg for deg som kan mykje frå før og vil kjenna deg att.
Boka gir både kunnskap og gjenkjenning. Den er til støtte for alle som lever med ADHD i næraste familie, men òg pårørande og fagfolk.
Nokre tilbakemeldingar frå lesarar;
"Eg har no slukt heile boka. Du skrive så utruleg fint og godt. Og så gjorde det godt å veta at eg allerede gjere mykje riktig:) Det var òg mykje eg lærte, som eg skal ta med meg på vegen i barnehagen❤️"
-Barnehagelærar/Pedagogisk leiar
"Takk for at du får meg til å forstå mannen min bedre!"
-Lesar
Illustrasjonane har eg utarbeida i samarbeid med Kåre Ivar (ChatGPT) om ikkje anna er spesifisert.
Kjøp boka her
Nysgjerrig på resten av bokserien "Livet med ADHD"?
Her finner du meir informasjon om "Livet med ADHD".
Les meir